Påsken på Horneland bedehus

På palmesøndag er du hjarteleg velkommen til palmesøndagsfrukost på bedehuset. Me starar klokka 10.00 med frukost. Det blir andakt av Kari Bolette Lundal.

Bli med på ei særprega påskefeiring – eit messiansk påskemåltid på Horneland bedehus!
Gjennom eit rikt og symbolmetta måltid utforskar vi påskens jødiske røter. I sederen blir dei tradisjonelle elementa frå den jødiske påsken knytte saman med refleksjonar om Jesus som påskelammet.
Dette blir ein kveld prega av fellesskap, der vi deler matza, bitre urter og andre tradisjonelle rettar – kvar med si eiga tyding inn i påskebodskapen.
Påmelding til Tor Espen Kristensen
Telefon: 90 81 72 04
E-post: tork73@gmail.com
Vel møt til møtehelg med Oddvar og Liv Søvik 20.–22. mars

Tema: Kom og drikk – om Andens nye liv, kjærleik og kraft.
Fredag kl. 19:30: Nytt liv ved Anden. Sal av pizza.
Laurdag kl. 11:00: Ny kjærleik – om Andens frukt. Sal av graut.
Laurdag kl. 13:00: Ny kraft – om Andens gåver.
Søndag kl. 11:00: Bli fylt av Anden! Enkel servering, film for barna under talen.
Kollekt til bedehuset på alle samlingane. Musikk leia av Nils Eivind Horneland. Høve for forbøn.
Trekningsliste til basaren 14. februrar
Du finn trekningslista her.
Jula på Horneland bedehus
Eit håp også for deg
Fleire forsamlingar på Stord har gått saman om å lage ei avis der du kan lese sterke vitnesbyrd om korleis Jesus gir håp.
Gjennom sidene i avisa møter du menneske som på ulike måtar har erfart at livet kan forandrast når ein møter Jesus. Dei har funne fred midt i uro og fått tilgjeving og ein ny start – og mange opplever at dei ikkje lenger står åleine i kvardagen.
PDF av avisa finn du nedanfor.
Haustbasar på Horneland bedehus

Velkommen til ein kjekk kveld på bedehuset 3. okober klokka 19.00. Da inviterer vi til haustbasar!
Her blir det utlodning av «markens grøde» – alt frå grønsaker, frukt, handarbeid, poteter, ved og andre fine gåver som folk har dyrka eller laga sjølve.
Har du lyst til å gi ein gevinst? Vi tek imot med stor takk – både smått og stort er velkome!
Sett av kvelden og ta med deg vener og naboar – vi gler oss til å sjå deg!
Sankthansfeiring
Vårdugnad 24. april
Påskemåltid på Horneland bedehus

Bli med oss til ei unik feiring av påske – eit messiansk påskemåltid på Horneland bedehus! Vi utforskar påskens jødiske røter gjennom eit rikt og symbolsk måltid. Vår seder vil veve saman dei tradisjonelle elementa av den jødiske påsken med refleksjonar over Jesus som påskelammet. Opplev ein kveld fylt med fellesskap medan vi deler matza, bitre urter og andre tradisjonelle rettar, kvar med sin unike tyding knytt til påsken.
Meld deg på til Tor Espen Kristensen via telefon 90817204 eller e-post tork73@gmail.com



