Årsmøte 12. februar kl. 19:30

Det vert årsmøte søndag 12. februar kl. 19:30 på Horneland Bedehus.

Dokument:

Prosessen med forsamlingsutvalet starta med at ei initiativgruppe frå dei ulike bedehusmiljøa på Stord og Fitjar utfordra styra til å samla ressursane til ei stor ny forsamling på Stord. Dette har utgangspunkt i visjonar og draumar enkelte har fått dei siste åra. Årsmøte 2016 ved Sagvåg Indremisjon, Stord Indremisjon og Horneland Indremisjon vedtok å vurdera dette nærare.

Styra ved dei 3 bedehusa oppnemnte fylgjande personar frå kvart av bedehusa til representantar i Forsamlingsutvalet:

Sagvåg Bedehus
Kjetil Fylling (formann)
Dag Ove Fauskanger
Kjetil Harestad

Leirvik Bedehus
Reidar Brevik (formann)
Terje Bjørnevik
Svenn Liodden
Andreas Remen Evensen
Jakob Saghaug (ungdomsrep)

Horneland bedehus
Bernt Arild Gjøvåg (formann)
Torill Aarvik Myhre
Terje Vikestrand
Bjørg Marit Notland (Vara)

Rapporten er no klar, og vi skal diskutere forslaget fra Forsamlingsutvalet på årsmøte. Derfor er det viktig at alle les rapporten og set seg godt inn i saka.

Forslag til vedtak
Årsmøtet gjev styret mandat til å samarbeida med dei andre indremisjonsforeiningane om å gjennomføra scenario 1, tettare samarbeid, med utgangspunkt i forsamlingsutvalets anbefaling.

Last ned Rapport frå Forsamlingsutvalet her!

Velkomen til ei viktig samling!

___________________________________

Innkalling til årsmøte for Horneland Indremisjon 12.02.2017 kl. 19:30

Sakliste

  1. Godkjenning av innkalling og sakliste.
  2. Val av møteleiar.
  3. Val av skrivar.
  4. Val av 2 til å underteikne protokoll.
  5. Årsmelding for Horneland Indremisjon. (godkjenning)
  6. Rekneskap. (godkjenning)
  7. Orienteringssaker:
    1. Årsmelding for underlaga:
      • Søndagsskulen
      • Ungdomsklubben
      • UFJ – Ungdom For Jesus
      • BDG – Bibel-Drama-Gruppa
      • Endeleg Fredag
      • Tysdagsklubben
      • Bedehusforeininga
      • Eldretreff
      • Interkulturelt Kristent Fellesskap
    2. Konfirmasjonsopplegg i regi av IMS
    3. Hyrderåd på Horneland
  8. Horneland Bedehus i dag – og vegen vidare.
    • Rapporten får du her på nettsida, frå styret eller på årsmøtet.
  1. Forsamlingsutvalet sin rapport og forslag til vedtak.
  2. Val av styreleiar, styremedlem, varamedlem og revisorar.
  3. Val av valnemnd.
  4. Samtale om arbeidet.