Møte på skjærtorsdag

Då Jesus innstifta nattverden sa Han: «Dette begeret er den nye pakt i mitt blod. Kvar gong de drikk av det, gjer det til minne om meg!» 
Pakt er ein «raud tråd» vi finn i heile bibelen. På torsdag vil vi få høyre litt om desse paktene Gud oppretta. Tor Espen underviser og Nils Eivind spelar for oss.

Tradisjonen tru vert det møte på Skjærtorsdag (via nett). Du kan være med på sendingen enten her på nettsida eller på vår Facebook-side. Viss du vil delta i nattverdsfeiringa må du ha klar brød og vin. Kapteinkjeks eller liknande er eit godt val som brød. Vin kan byttast ut med druejuice.

Møter i forbindelse med Korona-viruset

Me er inne i ei spesiell tid, der me ikkje kan møtast som me pleier. Men det er viktig at me tar vare på kvarandre. Dersom du treng hjelp til noko praktisk, eller du ønskjer forbøn, ta gjerne kontakt med ein av oss i styret:

Steinar Røgenes – tlf. nr. 918 41 033
Gunn Kjersti Røgenes – tlf. nr. 922 37 216
Hermod Kirkeli – tlf. nr. 936 48 875
Forbøn: Bjørg Marit Notland, tlf.nr. 917 95 638

Eg har då sagt deg: Ver modig og sterk! Lat deg ikkje skremma, og mist ikkje motet! For Herren din Gud er med deg overalt der du går. (Josva 1,9)