Fellesskapstur til Israel

Stord og Nysæter Sokneråd, saman med Leirvik, Horneland og Sagvåg bedehus inviterer til fellesskapstur til Israel.

Velkomen med på ti-dagars Fellesskapstur til landet  der det skjedde! Med Bibelen som reisehandbok skal vi saman oppleve at bibelforteljingane vert levande for oss. Vi skal vandre i Jesu fotspor, sjå heilage stadar og moderne storbyar, oppleve naturvandring og ørken, kunne bade både i oase og det salte hav, og ha fellesskap med kvarandre gjennom ei reise som er ei investering for livet. Vi byrjar ved Middelhavskysten, fortset til Galilea, vidare til Judea ørkenen og Dødehavet før vi avsluttar i Jerusalem. Den norsktalande guiden Eva (Chava) Haugen vert med oss på reisa.

Vi har begrensa antall plassar på turen. Turen vert fylt opp fortløpande. På grunn av strenge reglar frå flyselskapa, må vi ha inn påmeldingar så tidleg som muleg. Ved seine påmeldingar kan vi ikkje garantera plass på turen. Vi tek atterhald om programendringar og at det meldar seg nok deltakarar til å gjennomføra turen. Les meir om programmet og turen i brosjyra.

Brosjyre - Aase og Bjerkreim Israelstur 19.-28.10.17 mindre