
Åpne Dører har komande helg sin årlege konferanse «Forfulgt 2020». I år blir denne digital:
I den anledning inviterer me til Horneland bedehus fredag 4. desember kl. 19:30, der me vil streame det første møtet på storskjerm. Me gler oss stort til å høyre Tom Doyle!
Horneland indremisjon vil støtte forfulgte kristne og vil framover støtte eit prosjekt i regi av Åpne Dører: «Håp til Midtøsten». Målet med prosjektet er å gje dei kristne i Midtøsten (hovudsakleg Irak og Syria) håp for framtida ved å fokusere på å gje hjelpepakkar (eks mat og varme) til familiar, og hjelpe kyrkjer til å bli senter for håp og liknande arbeid.
Vår støtte kan hjelpe mange:
600 kr kan gi mat i ein månad til ein familie
750 kr kan gi medisinsk behandling til ein truande
910 kr er kostnaden for å gje ein kristen familie klede og teppe for å halde seg varme gjennom vinteren
Du kan gje di støtte på fredag, eller viss du ikkje har anledning til å komme, kan du gje ei gåve på Vipps #106409 – merk med «Åpne Dører».
Me kokar kaffi og byr på julesnacks.
Hjarteleg velkomen!