Endeleg fredag, seminar og Storsamling!

No er de endeleg ENDELEG FREDAG igjen. Og denne fredagen er i tillegg starten på ei flott helg med mykje spanande program. Kveldens gjest er Vegard Soltveit, generalsekretær i Den Norske Israelsmisjon. Det blir – som alltid – god mat, gode vener, god stemning og godt fellesskap! Ta med deg ein ven, kollega eller nabo til ein fin og velsigna start på ei fin og velsigna helg – med ein smak av Israel!

På laurdag er du velkommen til seminar med spanande tema og skikkeleg laurdagsgraut. Vegard Soltveit, generalsekretær i Den Norske Israelsmisjon, er seminarhaldar. Tema er «Det store mysteriet» og «Jesustruande jøder i dag». I pausen er det graut.

22/10 kl. 20:00
Endeleg fredag med «Ein smak av Israel»
Inngang: 200,-
https://fb.me/e/3TpvHvBrq

23/10 kl. 11:00-14:00
Seminar med Vegard Soltveit.
Del 1: «Det store mysteriet»
Pause med laurdagsgraut
Del 2: «Jesustruande jødar i dag»
Gratis inngong. Kollekt til Israelsmisjonen.
https://fb.me/e/1zuzkUD7v

24/10 kl. 11:00
STORSAMLING for heile familien
Tale v/Vegard Soltveit, Den Norske Israelsmisjon.
Kollekt
https://fb.me/e/N63hkTJK