Forfatterarkiv: Bernt Arild Gjøvåg

Godhet Stord 29.mai-2.juni 2017

Alle som har lyst å vera med på dette fantastisk gøye opplegget er hjarteleg velkomen. Du kan melda deg på som deltakar på www.godhet.no. Her kan du lese litt frå nettsida om kva Godhet handlar om:

«Vi tror at små ting gjort i kjærlighet vi forandre verden. Det er nettopp dette Godhet handler om. Mennesker og menigheter i Norge som bestemmer seg for a gjøre Guds godhet tilgjengelig gjennom praktisk godhet. Folk som over hele landet hjelper mennesker som står utenfor menighetene med hverdagslige oppgaver. Det dreier seg om å vaske en bil, klippe en plen, rydde en garasje, henge opp en lampe eller male et hus, uten å skulle ha noe tilbake! Den første uka i juni hvert år arrangeres Godhet, bli med på bevegelsen som vii forandre verden gjennom små ting gjort i kjærlighet!»

På nettsida www.godhet.no kan du også melda inn behov for hjelp.

Arrangørar av Godhet Stord i 2017 er:

  • Kristkyrkja
  • Stord Bibelsenter
  • Sagvåg indremisjon
  • Horneland indremisjon

Her finn du meir informasjon om Godhet Stord 2017: Motivasjonsskriv GODHET STORD 2017

Du kan og melde deg på ved å kontakte Torill Myhre på 41569921.

Fellesskapstur til Israel

Stord og Nysæter Sokneråd, saman med Leirvik, Horneland og Sagvåg bedehus inviterer til fellesskapstur til Israel.

Velkomen med på ti-dagars Fellesskapstur til landet  der det skjedde! Med Bibelen som reisehandbok skal vi saman oppleve at bibelforteljingane vert levande for oss. Vi skal vandre i Jesu fotspor, sjå heilage stadar og moderne storbyar, oppleve naturvandring og ørken, kunne bade både i oase og det salte hav, og ha fellesskap med kvarandre gjennom ei reise som er ei investering for livet. Vi byrjar ved Middelhavskysten, fortset til Galilea, vidare til Judea ørkenen og Dødehavet før vi avsluttar i Jerusalem. Den norsktalande guiden Eva (Chava) Haugen vert med oss på reisa.

Vi har begrensa antall plassar på turen. Turen vert fylt opp fortløpande. På grunn av strenge reglar frå flyselskapa, må vi ha inn påmeldingar så tidleg som muleg. Ved seine påmeldingar kan vi ikkje garantera plass på turen. Vi tek atterhald om programendringar og at det meldar seg nok deltakarar til å gjennomføra turen. Les meir om programmet og turen i brosjyra.

Brosjyre - Aase og Bjerkreim Israelstur 19.-28.10.17 mindre

Årsmøte 12. februar kl. 19:30

Det vert årsmøte søndag 12. februar kl. 19:30 på Horneland Bedehus.

Dokument:

Prosessen med forsamlingsutvalet starta med at ei initiativgruppe frå dei ulike bedehusmiljøa på Stord og Fitjar utfordra styra til å samla ressursane til ei stor ny forsamling på Stord. Dette har utgangspunkt i visjonar og draumar enkelte har fått dei siste åra. Årsmøte 2016 ved Sagvåg Indremisjon, Stord Indremisjon og Horneland Indremisjon vedtok å vurdera dette nærare.

Styra ved dei 3 bedehusa oppnemnte fylgjande personar frå kvart av bedehusa til representantar i Forsamlingsutvalet:

Sagvåg Bedehus
Kjetil Fylling (formann)
Dag Ove Fauskanger
Kjetil Harestad

Leirvik Bedehus
Reidar Brevik (formann)
Terje Bjørnevik
Svenn Liodden
Andreas Remen Evensen
Jakob Saghaug (ungdomsrep)

Horneland bedehus
Bernt Arild Gjøvåg (formann)
Torill Aarvik Myhre
Terje Vikestrand
Bjørg Marit Notland (Vara)

Rapporten er no klar, og vi skal diskutere forslaget fra Forsamlingsutvalet på årsmøte. Derfor er det viktig at alle les rapporten og set seg godt inn i saka.

Forslag til vedtak
Årsmøtet gjev styret mandat til å samarbeida med dei andre indremisjonsforeiningane om å gjennomføra scenario 1, tettare samarbeid, med utgangspunkt i forsamlingsutvalets anbefaling.

Last ned Rapport frå Forsamlingsutvalet her!

Velkomen til ei viktig samling!

___________________________________

Innkalling til årsmøte for Horneland Indremisjon 12.02.2017 kl. 19:30

Sakliste

  1. Godkjenning av innkalling og sakliste.
  2. Val av møteleiar.
  3. Val av skrivar.
  4. Val av 2 til å underteikne protokoll.
  5. Årsmelding for Horneland Indremisjon. (godkjenning)
  6. Rekneskap. (godkjenning)
  7. Orienteringssaker:
    1. Årsmelding for underlaga:
      • Søndagsskulen
      • Ungdomsklubben
      • UFJ – Ungdom For Jesus
      • BDG – Bibel-Drama-Gruppa
      • Endeleg Fredag
      • Tysdagsklubben
      • Bedehusforeininga
      • Eldretreff
      • Interkulturelt Kristent Fellesskap
    2. Konfirmasjonsopplegg i regi av IMS
    3. Hyrderåd på Horneland
  8. Horneland Bedehus i dag – og vegen vidare.
    • Rapporten får du her på nettsida, frå styret eller på årsmøtet.
  1. Forsamlingsutvalet sin rapport og forslag til vedtak.
  2. Val av styreleiar, styremedlem, varamedlem og revisorar.
  3. Val av valnemnd.
  4. Samtale om arbeidet.

 

Dugnad på det nye kjøkenet

Endeleg er vi i gang med kjøkenoppgraderinga!!
Bli med på det kjekke arbeidet 🙂
Kjøkken Horneland Bedehus 2015
Dugnadsdatoar for riving:
1.10
2.10
3.10
10.10
17.10

KVA SKAL GJERAST:

På dugnad:
– Rive innredning, takplater og veggpanel
– Montere høgskap og overskap inne på vaskerommet
– Rive vegg til gammelt vaskerom
– Rive golv (bjelkelag skal brukes vidare)
– Maling av nye flater
– Montere innredning

Handverkarar skal:
– Sette opp tak, veggar og golv
– Legge golvbelegg
– Nytt elektrisk anlegg
– Nytt røropplegg