
Torsdag 24. april kl. 17.00 inviterer me til vårdugnad på Horneland bedehus. Me håpar mange har høve til å bli med og gjera huset og uteområdet klart for ein ny sesong.
Du er alltid velkommen på bedehuset!
Bli med oss til ei unik feiring av påske – eit messiansk påskemåltid på Horneland bedehus! Vi utforskar påskens jødiske røter gjennom eit rikt og symbolsk måltid. Vår seder vil veve saman dei tradisjonelle elementa av den jødiske påsken med refleksjonar over Jesus som påskelammet. Opplev ein kveld fylt med fellesskap medan vi deler matza, bitre urter og andre tradisjonelle rettar, kvar med sin unike tyding knytt til påsken.
Meld deg på til Tor Espen Kristensen via telefon 90817204 eller e-post tork73@gmail.com
Du finn lista her.
Vi inviterer deg til å bli med på fem spanande bibelkveldar der vi skal lese og utforske Ruts bok saman. Dette er ei flott moglegheit til å lære meir om Bibelen, styrke fellesskapet og få ny kunnskap.
Første kveld: Introduksjon til Ruts bok. Vi ser på korleis det var å leve på den tida og kva bodskapen i boka er.
Dei neste fire kveldane: Vi les eit kapittel heime og svarar på nokre spørsmål. Når vi møtest, diskuterer vi spørsmåla i grupper og får undervisning som samlar trådane.
Lær noko nytt: Bibelen er ei bok ein aldri blir ferdig med. Det er alltid noko nytt å oppdage.
Styrk fellesskapet: Diskusjonar og gruppesamtalar gir moglegheit til å dele tankar og lære av kvarandre.
Få djupare forståing: Kveldane vil gi oss hjelp til å forstå teksten betre og sjå samanhengar vi kanskje ikkje har lagt merke til før.
Tid: 20.00
Dagar: 21 januar, 28. januar, 04. februar, 11. februar og 18. februar
Stad: Leirvik Bedehus
Vi håper du har lyst til å bli med på desse inspirerande kveldane. Ta gjerne med ein ven!
Påmelding slik at vi veit sånn ca. kor mange kopiar av opplegget vi treng:
https://event.checkin.no/…/bibelkveldar-pa-leirvik-bedehus
eller 98 48 04 99
Velkomen!
2. -5. januar er det møter på Horneland bedehus. Møta startar klokka 19:30 og det er bønnemøte klokka 19.00. Det blir mykje sang og musikk.
Laurdag 4. januar er det nyttårsfest klokka 19.00. Marit og Jarle deltek. Det er ellers tradisjonelt program med god mat.
Det er høve til å gje ei gåve til IMS på alle samlingane.
Bli med oss til ei unik feiring av påske – eit messiansk påskemåltid på Horneland bedehus! Vi utforskar påskens jødiske røter gjennom eit rikt og symbolsk måltid. Vår seder vil veve saman dei tradisjonelle elementa av den jødiske påsken med refleksjonar over Jesus som påskelammet. Opplev ein kveld fylt med fellesskap medan vi deler matza, bitre urter og andre tradisjonelle rettar, kvar med sin unike tyding knytt til påsken.
Meld deg på til Tor Espen Kristensen via telefon 90817204 eller e-post tork73@gmail.com
Bli med på vårens kjekke og sosiale dugnad for å gjere bedehuset vårt skinande og vakkert til glede for oss alle!
Tid: Laurdag 13. april klokka 11:00.
Velkommen til spanande samling på laurdag på Horneland Bedehus! Vi får besøk av Ole Petter Livden frå Åpne Dører og vil lære meir om korleis vi som kristne kan «Stå sterke i stormen».
Samlingar:
Det vert servering mellom samlingane, og arrangementet er i samarbeid med våre vener i ImF Stord.
Vel møtt til samlingane!
Laurdag 17. februar klokka 11.00–17:30 inviterer Indremisjonssamskipnaden til Teneste- og leiarkonferanse på Leirvik bedehus. Der kjem Sofie Braut, Marte og Rune Kvilhaugsvik og andre for å gjere dette til ein spennande samling! Temaet er: Ha tru til Gud!
Påmelding HER innan 13. februar. Full program finn du HER.
Pris: kr 450,-. Påmelding innan 13. februar til www.indremisjonen.no.