Fleire forsamlingar på Stord har gått saman om å lage ei avis der du kan lese sterke vitnesbyrd om korleis Jesus gir håp.
Gjennom sidene i avisa møter du menneske som på ulike måtar har erfart at livet kan forandrast når ein møter Jesus. Dei har funne fred midt i uro og fått tilgjeving og ein ny start – og mange opplever at dei ikkje lenger står åleine i kvardagen.
Velkommen til ein kjekk kveld på bedehuset 3. okober klokka 19.00. Da inviterer vi til haustbasar! Her blir det utlodning av «markens grøde» – alt frå grønsaker, frukt, handarbeid, poteter, ved og andre fine gåver som folk har dyrka eller laga sjølve.
Har du lyst til å gi ein gevinst? Vi tek imot med stor takk – både smått og stort er velkome!
Sett av kvelden og ta med deg vener og naboar – vi gler oss til å sjå deg!
Torsdag 24. april kl. 17.00 inviterer me til vårdugnad på Horneland bedehus. Me håpar mange har høve til å bli med og gjera huset og uteområdet klart for ein ny sesong.
Bli med oss til ei unik feiring av påske – eit messiansk påskemåltid på Horneland bedehus! Vi utforskar påskens jødiske røter gjennom eit rikt og symbolsk måltid. Vår seder vil veve saman dei tradisjonelle elementa av den jødiske påsken med refleksjonar over Jesus som påskelammet. Opplev ein kveld fylt med fellesskap medan vi deler matza, bitre urter og andre tradisjonelle rettar, kvar med sin unike tyding knytt til påsken.
Meld deg på til Tor Espen Kristensen via telefon 90817204 eller e-post tork73@gmail.com
Vi inviterer deg til å bli med på fem spanande bibelkveldar der vi skal lese og utforske Ruts bok saman. Dette er ei flott moglegheit til å lære meir om Bibelen, styrke fellesskapet og få ny kunnskap.
Kva kan du forvente?
Første kveld: Introduksjon til Ruts bok. Vi ser på korleis det var å leve på den tida og kva bodskapen i boka er. Dei neste fire kveldane: Vi les eit kapittel heime og svarar på nokre spørsmål. Når vi møtest, diskuterer vi spørsmåla i grupper og får undervisning som samlar trådane.
Kvifor bør du bli med?
Lær noko nytt: Bibelen er ei bok ein aldri blir ferdig med. Det er alltid noko nytt å oppdage. Styrk fellesskapet: Diskusjonar og gruppesamtalar gir moglegheit til å dele tankar og lære av kvarandre. Få djupare forståing: Kveldane vil gi oss hjelp til å forstå teksten betre og sjå samanhengar vi kanskje ikkje har lagt merke til før.
Praktisk informasjon:
Tid: 20.00 Dagar: 21 januar, 28. januar, 04. februar, 11. februar og 18. februar Stad: Leirvik Bedehus
Vi håper du har lyst til å bli med på desse inspirerande kveldane. Ta gjerne med ein ven!
Påmelding slik at vi veit sånn ca. kor mange kopiar av opplegget vi treng:
2. -5. januar er det møter på Horneland bedehus. Møta startar klokka 19:30 og det er bønnemøte klokka 19.00. Det blir mykje sang og musikk. Laurdag 4. januar er det nyttårsfest klokka 19.00. Marit og Jarle deltek. Det er ellers tradisjonelt program med god mat. Det er høve til å gje ei gåve til IMS på alle samlingane.
Søndag 22. desember: vi syng jula inn klokka 17.00 Fredag 27. desember: Søndagsskulen sin julefest klokka 17.00. Ta gjerne med eit fat med julekaker. Laurdag 4. januar: Nyttårsfest klokka 19.00
Bli med oss til ei unik feiring av påske – eit messiansk påskemåltid på Horneland bedehus! Vi utforskar påskens jødiske røter gjennom eit rikt og symbolsk måltid. Vår seder vil veve saman dei tradisjonelle elementa av den jødiske påsken med refleksjonar over Jesus som påskelammet. Opplev ein kveld fylt med fellesskap medan vi deler matza, bitre urter og andre tradisjonelle rettar, kvar med sin unike tyding knytt til påsken.
Meld deg på til Tor Espen Kristensen via telefon 90817204 eller e-post tork73@gmail.com