Foreininga på Horneland bedehus

Foreininga på Horneland bedehus startar opp igjen. Ynskjer du ei sosial samling med god tid til handarbeid, prat, enkel servering og ord til ettertanke? Då er dette noko for deg. Me møtast første måndag i kvar månad klokka 19.30 til 22.00. I november planlegg me tur til strikkebutikken på Huglo.